søndag 9. desember 2012

Ei veke med Fløyfisk(e)


Fekk min første fløyfisk 19 sept og den første hanfisken blei tatt så seint som 21 nov. Så har ikkje så mykje erfaring med denne arten som er den nest nyeste på artlista, bare "slått" av ein overraskende kolmulefangst. Men dei siste meiteøktene så har den som sagt dukka opp fleire ganger.

 Så når eg på tirsdag fant ut at eg måtte ut å fiske var det vel med fløyfisken som var mest i tankene. Siden eg hadde fått ein hann på 150g så kunne det vel være fleire hanner av samme kaliber der og i tillegg til å jakte pers kunne eg også melde dei inn til nm så dermed var motivasjonen for å grave fram bilen frå all snøen som hadde komt i løpet av natta tilstede.

6-7 minusgrader litt vind og joggesko. Det var i overkant kaldt å være stasjonær utendørs men det tok heldigvis ikkje så fryktelig lang tid før det første tilslaget satt, og ein fløyfisk blei vippa opp frå sitt rette element. Fisken ble veid til 177g og eg meinte å huske fra nm lista at den var stor nok til å gå til topps, så eg var jo dermed fornøyd med tingenes tilstand. Fløyfisken var nok også fornøyd der den svømmte tilbake til sitt rette element.



30 cm og 177g
































 Den neste fløyfisken som kort tid etter blei vippa opp frå det iskalde vatnet var derimot enda større. 31,2cm og 199g. Sweet! Etter bilde, måle og veiesekvensen var i boks var frosten så intens i både bein og armer at det var på tide å avslutte fisket.




















Heime blei eg nysgjerrig på ka nm rekorden egentlig er på, og eg fekk litt bakoversveis når eg såg den "bare" var på 186g. Har jo siden eg begynnte med aktivt sportsfiske hadt ein overordna mål/drøm om å ta fisk over nm rekord. Men eg hadde ikkje sett for meg at det sko skje så fort!

Så oppildna av den siste tids informasjon tok eg turen til intersport og gjekk til innkjøp av den dyreste vekta dei hadde siden eg tenkte det kunne vært greit og ha om/når eg sku dokumtere ein fremtidig ny fangst. Sjølv om eg alltid kalibrer biltema vekta med eit 100g lodd før veing for å være sikker på at den viser riktig, er den vel ikkje god nok om eg sku meldt inn f.exs nm rekord. Nye kroker og perler blei også med heim for fleire tackler måtte lages.

Siden eg no har fått 3 fløyfisk hanner i stigende rekkefølge: 150g,177g,199g hadde eg trua på at toppen ikkje var nådd heilt enda. Så dei neste dagene blei det rimelig klart at fløyfiske kom til å være ein del av innholdet.

På onsdagen føltes det som gradestokken hadde fallt enda enda nokre grader. Det føltes ialfall sånn. (Kanskje på grunn av det tok litt lengte tid før tilslaget satt i dag?) Overraskende nok var der folk som fiska når eg kom ankom plassen i dag. Trudde jo virkelig eg var aleine om å være gal nok til å bryggefiske på denne iskalde ufyselige dagen. Han eine holdt på å løsne ein fløyfisk når eg kom så det var jo eit godt teikn. Det varte riktignok ikkje lenge før eg fekk plassen for meg sjølv og når dei gjekk fekk eg rekene deiras. No hadde eg nok reker til å stå her i dagevis!  Men eg var allerede seint på plass denne dagen. I tillegg hadde i tillegg gløymt å lage fleire tackler, så eg måtte bare satse på at det holdt med det eine eg hadde igjen. Ikkje så veldig lenge etter rekene var plassert på bunn satt tilslaget og nok ein fløyfisk kom til syne. Måtte (ikkje direke uforventa) konstatere ein midlertidig stopp i progresjonen. Denne var med sine 29cm og 162 litt mindre enn dei som blei tatt dagen før.




















Denne var av den glupske sorten så kroken hadde den svelgt. Så då var det tomt med tackler. Fant tilfeldigvis eit halvt tackel dvs ein enkel krok med søkke så brukte den til å fiske videre med. Vel det kunne eg bare ha droppa for det tok ikkje lang tid før ei pale fekk tak i den og bryggepaler er som regel brutalt glupske og denne var intet unntak. Men med den tempraturen det var denne dagen, var ikkje nedturen av å måtte samle samen rekene å forlate plassen så veldig stor.


På torsdagen var det imidlertidig litt mildere i været og med rykende ferske tackler hadde eg ein god følelse for fangst dei neste timene. Men denne dagen var det utrolig dødt. Rekene forsvant riktignok fort frå kroken og som regel uten at eg merka noke napping. Siden leppefisken virket å ha forlatt plassen trur eg nok små sandflyndrer er synderne. Blir fort litt utolmodig når ein ikkje får tilslaga til å sitte men bare driver å putter reke på kroken, senker ned, merker litt napping, drar opp tomme kroker, putter på reker.. Til slutt sitter det endelig fisk på og den kjører litt hardere enn det fløyfiskene har gjort så opp kom der ei sandflyndre som hadde blitt litt for uforsiktig. Ikkje så rart i grunn med tanke på all rekesnacksen dei hadde stappa i seg.

ca 300g

















 Så kom fredagen og vekas siste forsøk på å ta fløyfiskkongen. Snøen var blitt meir slapsete enn dagen før men ellers var været uforandra og med gårsdagens fløyfrie dag i bakhodet undres eg jo litt på om fløyfisken har forlatt plassen for denne gang. Begynnte tidlig i dag siden planen var å handla i Haugesund på ettermiddagen men det blei det ikkje noke av så dermed fekk bedre tid til fiske enn planlagt.

Tok også denne dagen litt tid før den første fisken satt. Men når den først gjorde det så var det ein lettelse å konstantere at fløyfisken forsatt var tilstede.

30,5 cm og 164g





















Prøvde å ta eit bilde av fløyfisken på
vei ned. Bildet bygger vel opp under
intrykket av at dette er ein litt merkelig fisk



Etter dette blei det stillt igjen så bytta litt på plassen, dvs snudde om 45grader og fiska heilt ytterst på brygga ut mot fjorden. Lot krokene kvile på bunn, gjorde tilslag og fekk den gode følelsen det er å møte motstand i motsatt ende av fiskestanga. Ikkje rare motstanden riktignok. Opp kom ei meget ung sandflyndre.


64 gram 
















Slapp ned på samme plass og fekk kontakt med ny fisk nesten umiddelbart. Denne føltes meir rett ut med tanke på fløyfisk. Det stemte godt og denne såg i tillegg stor ut. Så hjerta banka litt fortare når eg tok fram tommarstokken og konstanterte fort at den var nermere 35 enn den var 30 i antall cm.
YES! 33cm og 210g!! 24g over nrek(!) Deilig og litt absurd følelse. (Tok litt tid å få vitner på plass så den tapte seg litt i vekt (195g) når den blei kontrollmålt med vitner tilstede men det er uansett over grensa..)

Er neppe siste gang eg fisker etter fløyfisk.
 
33cm.













210g




















Kunne med hell vært mindre
snø på poseringsbildet men men





















Fløy e gøy.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar